English

Stillingsannonse: Scenekunstkonsulent i Norsk Kulturråd

Kulturrådet søkjer etter ny scenekunstkonsulent. Stillinga er ei åremålsstilling på fire år.

Stillinga inngår i Kulturrådets Seksjon for scenekunst som forvaltar ulike tilskotsordningar for det frie scenekunstfeltet.

Den som blir tilsett i stillinga vil vere med å prege utviklinga av det frie scenekunstfeltet og skal stimulere og leggje til rette for at Kulturrådet når målsetjingane innanfor scenekunstfeltet. Arbeidsplassen er i Kulturrådets administrasjon, men scenekunstkonsulenten skal i stor grad drive oppsøkjande arbeid.

Arbeidsoppgåver
Scenekunstkonsulenten har det faglege ansvaret for Kulturrådets produksjonsstøtteordningar for fri scenekunst og Basisfinansieringa av frie scenekunstgrupper. Samla sett er avsetjinga til desse ordningane om lag 90 millionar kroner i 2015.

Scenekunstkonsulenten skal
- gi fagleg skriftleg vurdering og innstille søknader om midlar til dei faglege utvala for teater og for dans
- rettleie søkjarar og gi informasjon til scenekunstnarar og -grupper over heile landet
- halde seg orientert om kva som skjer på scenekunstområdet gjennom framsyningar og medverknad på viktige arenaer for scenekunst.

Kulturrådet er i stadig utvikling. Utviklinga kan få konsekvenser for arbeidsoppgåvene til konsulenten.

Kvalifikasjonar

Kulturrådet søkjer deg som har god kjennskap til scenekunstfeltet i Noreg og brei kunnskap om ulike kunstpraksisar og retningar på scenekunstområdet. Det er ein fordel om du har kjennskap til kunstutrykk på tvers av sjangrar og kunstformer. Den som får stillinga, må ha

- høgare relevant utdanning innanfor scenekunstområdet
- relevant arbeidserfaring frå scenekunstområdet og kjennskap til kunstfaglege prosessar
- brei kontaktflate i scenekunstmiljøet i Noreg og kjennskap til internasjonale forhold
- gode evner til skriftleg og munnleg framstilling, gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet
- god erfaring med elektroniske arbeidsverktøy

Eigenskapar
Stillinga er krevjande og set store krav til arbeidskapasitet, scenekunstfagleg refleksjon og analyse, sjølvstende og evne til samarbeid.


Stillinga fører med seg reising og kveldsarbeid.

Vi tilbyr
Stillinga er løna i stillingskode 1364 seniorrådgjevar etter lønnsregulativet i staten og lønnspolitikken i Kulturrådet . Frå brutto løn blir det trekt 2 % medlemsinnskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Kulturrådet er ein IA-verksemd, som ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga og tar omsyn til kjønn, alder og personar med minoritetsbakgrunn i samansetjinga av medarbeidarar i administrasjonen.

Vi har fleksibel arbeidstid, og moderne nyoppussa lokale i Oslo.

Kontaktpersonar
For nærmare opplysningar om stillinga kontakt seksjonsleiar Yrjan Svarva, tlf. 21 04 58 78 /
952 68 283 eller avdelingsdirektør Mariann Komissar, tlf 21 04 58 41 / 952 62 957.

Er vi vanskelege å nå på telefon, ber vi deg om å ta kontakt på e-post, så ringer vi deg opp så snart vi kan: yrjan.svarva@kulturradet.no, mariann.komissar@kulturradet.no


Andre opplysninger
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste, jfr. Offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vil bli varsla i forkant.

Kulturrådet brukar Jobbnorge.no som elektronisk rekrutteringsportal. Berre søkjarar som nyttar den elektroniske portalen vår vil kome i betraktning til stillinga. Alle opplysningar frå eigen CV må registreras i portalen.

Vi ønsker at du byrjar i stillinga 01.01.16.

Søknadsfrist: 08.10.15
 

 

KONTAKT

Daglig leder:
Tove Bratten
tlf.: (+47) 23 10 09 80
tove@scenekunst.no
mob: (+47) 91 55 42 91

Faglig rådgiver:
Christina Friis
tlf.: (+47) 23 10 09 80
christina@scenekunst.no
mob: (+47) 99 00 39 29

Redaktør Sceneweb/
faglig rådgiver:

Elisabeth Leinslie
tlf.:(+47) 23 10 09 80
elisabeth.lenslie@scenekunst.no
mob: (+47) 99 16 76 27

Rådgiver:
Geir Lindahl
tlf.: (+47) 23 10 09 80
geir@scenekunst.no
mob: (+47) 48 19 17 87

FØLG OSS

Facebook

     

Scenekunst.no SceneWeb Black Box Theater Scenekunstbruket

aid=1242